Planen

Utgangspunktet er tatt frå treboksen som var emballasjen til Gamalosten for ei tid tilbake. Det lukkast ikkje å finne tidspunktet for då dei brukte denne emballasjen for Tine vil ikkje svare på spørsmål i samband med studieoppgåver (!?). Dårleg erfaring å ta med seg, og ein uheldig og demotiverande start på løysinga av oppgåva.

E-post:

«TINE mottar svært mange henvendelser om hjelp og bidrag til ulike prosjekter og studentoppgaver, og vi ber om forståelse for at vi av ressursmessige årsaker ikke kan være behjelpelige. Du finner nyttig informasjon på hjemmesiden vår, www.tine.no.

Ha en fin dag! »

Bah! Spørsmåla som blei stilt Tine var mellom anna om målgruppe, siste designendring og format.

Uansett er det boksen som er flata det vil bli arbeida med. Designen til emballasjen vil bli laga i Adobe Illustrator og i Adobe Photoshop.

Fire epokar


Art Nouveau // 1890

Stilen blei utvikla i det øvrige europa. Karakteriserast av ein unik linjerytme med lange slanke linjer, florale fletninger. Stilen si utforming er forskjellig for enkelte land:

  1. Abstrakt-symbolsk med utgangspunkt i den treraelittiske rørsla i England og det symbolske maleri på kontinentet
  2. Det florale-stiliserte som har primert var i Frankrike og belgia – og delvis England
  3. Struktur-symbolsk aspekt som understrekar funksjonen gjennom struturalt linjespel
  4. Geometrisk-konstruktive aspektet primert i Tyskland og Austerrike

I grafisk design er Art Nouveau synleg med sine abstrakte former, forma linjer og flater.

NB! Riga er den byen i verda som er mest utsmykka med Art Nouveau.

Kubismen // 1900
Kubisme er ei retning innan europeisk kunst. Den framtrer som ein reaksjon mot impresjonismens formoppløsning og tilfeldige motivasjonsskjæring.

Perioden kan bli delt inn i forskjellige faser:

  • Før-kubisme (1905-1907)
  • Fasettkubisme (1907-1909)
  • Analytiske kubisme (1909-1911)
  • Syntetisk kubisme (1912-1914)
  • Klassisk kubisme/postkubisme/plankubisme (1920-åra)
  • Polykubisme (1920-åra)

Dei viktigaste retningane kubismen har støta til er futurisme, purisme, konstruktivisme og orphisme. Ein veldig kjent kunstnar frå denne perioden var Papblo Picasso.

Alle former i naturen kan førast tilbake til kula, kjegla eller sylinderen.
Paul Cézannes


Art Deco // 1920

Fokus på det decorative framfor det funksjonelle. Stammar frå Art Nouveau, men er også inspirert frå ekspresjonisme og abstrakt kunst. Eit av formåla var å tilpasse design til masseproduksjon, som resulterte i forkjærleik for symmetriske og rektangulære former.

Typisk for Art Deco er stiliserte menneskefigurar, solstrålar, regnbogar og løvverk, i tillegg til abstrakte motiv i sterke fargar.

Pop Art // 1950

Reaksjon på New York-skulen. Kunstnarane i Pop-art helt fast på dei store formata og den direkte måten å formidle bodskapen i motiva sine på. Ein kjent kunstnar frå denne perioden er James Rosenquist. Han laga store og fargesprakande kunstverk mellom anna kjendisar, leppestift og kakestykker. Andy Warhol er ein annan verdskjent kunstnar. Hans berømte design har gått verda rundt, som mellom anna Campbells tomatsuppe og Marilyn Monroe.

Eit kjenneteikn er dei sterka fargane og dramatiske illustrasjonane. Eit anna element som er mykje brukt er Matrix, eller matrise printer, der dei fargelegg deler av designen med prikkar. Dette er også brukt på foto i trykte aviser.

Everything is beautiful. Pop is everything.
Andy Warhol

Om Gamalost frå Vik

TINE Meieriet Vik ligg i heimbygda mi, Vik i Sogn. Meieriet er det einaste i landet som produsera Gamalost. Gamalost frå Vik er ein fast muggost som har sine røter heilt tilbake til vikingtida. Namnet, som kan verka lite innbydande, kjem at at osten blei lagra i lang tid på stølane. Osten har fått tildelt Norsk Kulturarv sitt kvalitetsmerke Olavrosa.

Det tradisjonsrike produktet har fått internasjonal merksemd for at Gamalost er ekstra mager med 1% feitt og 50% protein, i tillegg til at den har eit lågt innhald av salt og er eit reint naturprodukt. Osten er skjerbar med kniv og har ein karakteristisk smak som passar som pålegg på brød, knekkebrød og flatbrød.

På 1900-talet var det fleire småmeieri som produserte gamalost, men etter 2002 er det berre Vik meieri som sel osten. Mange meieri meistra ikkje produksjonen av osten, men meieriet i Vik i Sogn har spesialisert seg på produksjon av Gamalost.

Design
Gamalost frå Vik har endra design fleire gonger. Frå å ha osten innpakka i gjennomsiktig plast med logo på, til tre-boks med gravert design, sølvpapir til den siste emballasjen med svart papir med logo og symbolske illustrasjonar.

Kjelder:
Tine , NRK