Oblig 01 – Journey of a centimeter

 

 

Historia i illustrasjonen min er at noko så lite som eit frimerke likevel kan reise så langt. Frimerket og jordkloden skal vise kontrastar. Dette er mi eiga tolking av Journey of a centimeter.

Jordkloden
Jordkloden som er brukt representera reisa. Eg har valt å bruke dette som eit forsterkande symbol i samanhengen Journey of a centimeter. Ved å klistre eit frimerke på eit postkort, brev eller ein pakke kan du sende det du vil kor du vil – altså verda rundt.

 

Frimerket
Frimerket er lite, men verdifullt. For at eit postkort, brev eller ein pakke skal kunne fraktast må ein betale porto. Frimerket er beviset på at porto er betalt.

Eitt frimerke er, i alle fall meg bekjent, ikkje 1 cm i format. Frimerke kan likevel symbolisere noko som er lite av størrelse. Sett i samanheng med jordkloden som også er brukt, er eit frimerke svært lite.  Bruken av dette skal symbolisere ein visuell kontrast, noko så lite som eit frimerke kan likevel reise så langt. Av den grunn er frimerket brukt i min illustrasjon, saman med at det det alltid er med på reisa til noko som skal sendast med post, lite som stort, lange som korte reiser.

 

Stempelet
Eit poststempel kan sjåast på som at noko er på veg. Når kortet, brevet eller pakken er stempla er det klart for avreise.  Teksten Journey of a centimeter er plassert i stempelet og gjer bodskapen om at dette er eit frimerke meir truverdig.

Illustrasjonen er enkel, men inneheld likevel meiningsfulle detaljar. Alt er plassert der med ei hensikt, ingenting er overlate til tilfeldigheitene. Eg har tenkt på form, farge, format, kontrastar, typografi og heilskap.

Idé 2 – Oblig 01 – Idéfase

Eg brukte tankekart og kryssmetoden som ein del av idéfasen, før eg teikna analoge skisser.

Kunshistorie – oblig 01

Klassisk modernisme og postmodernisme.

Klassisk modernisme, eller berre modernisme var sentral i byrjinga av det 19. århundre og stod sterkt fram til postmodernismen ”overtok”.

Postmodernismen kan sjåast som ein reaksjon mot formaliteten i modernismen. Kunsten i postmodernismen skal vere ufullkomen, folkeleg, tilgjengeleg og midlertidig mot universal og tidlaus. Eit viktig element er at ulikskapen mellom kunst og popularitet forsvinn.

Postmodernisme kan sporast tilbake til byrjinga på 1900-talet, men vart først sentral i bildekunst og musikk i 1950-1960-åra. Postmodernismen vaks seg sterkare i 1970-åra og kan sjåast på som kritikk mot tidlegare tiårs abstrakte kunst. I postmodernismen skulle ein bruke figurative former.

Det var med klassisk modernisme og postmodernisme som med andre epokar; dei om handla ikkje berre ein sjanger, men både levemåte, arkitektur, lyrikk og design. Eg tør påstå at ein del av den klassiske modernismen er attkjennande i postmodernismen, og difor trur eg ikkje overgangen mellom desse epokane var veldig radikal, innan kunsten vel å merke, og særleg vektlagt grafisk design. Fargane og formene ser me i dagens design også, berre sjå på alle retro mønster med røter frå 50 og 60-åra som me ser i klede, plakatar, tekstilar, kunst etc.

Dette var litt om epokane eg har latt meg inspirere av til obligatorisk oppgåve 01 – Journey of a centimeter.

Four themes of thinking

Graphic impact

Ved å bruke i augefallande grafiske element og tekst saman kan teksten bli forsterka. Det du ser best i logoen er golfkølla, så ser du at golfkølla også er ein fugl. Birdie er eit uttrykk i golf, men sjølv om du ikkje kan så mykje om sporten er det ved hjelp av teksten lett å sjå at der er ein samanheng. Teksten i denne logoen er difor meiningsfull etter mitt syn.

White space

Det vert meint at den kvite plassen i designet gir rom for å puste og gjer designelement lett synleg. I logoen eg har funne dannar det kvite området også ein illustrasjon av ein by. Ved at det ikkje er noko plassert under det kvite gir det mykje luft som plassar godt ettersom den svarte nøkkelen er dominerande.

Text minimization

Mengde, størrelse og lengde skal haldast til eit minimum og teksten skal vere meiningsfull. I logoen eg har valt ut som eksempel på dette understrekar teksten det me ser at er illustrert, rett og slett. Dei held det enkelt og blikkfanget er skya og hjørnet.

Kiss – Keep It Simple Stupid (Keep It Short and Simple)

Enkelt og stilreint design, utan forstyrrande element. I designen i denne logoen ser man ein lås og ein nøkkel og namnet på bedrifta er Loc Key. Beskrivande og enkel logo, likevel stilfull etter mi meining.

 

Gestalt prinsippa – synt i logoar

Closure

Closure oppstår når eit objekt er ufullstendig eller ikkje heilt lukka. Dersom det er tilstrekkeleg med form framstilt vil me utfylle den manglande informasjonen. Min reaksjon då eg såg logoen nr 1 første gong var at eg såg fire fiskar, las namnet ”8 fishes” og leita fram dei fire siste ”usynlige” fiskane.

 

Continuation

Continuation oppstår når auge vårt vert leda til å følje forma til eit objekt for så å fortsette til neste objekt. I logo nr 2 føl auge forma og ser fire hjerter.

 

Proximity

Når fleire element er plassert tett saman vert dei ofte oppfatta som ei gruppe, som me kallar proximity, eller nærleik. Logo nr 3 viser ei gruppe trekantar sett saman i ei form som dannar ein blome. Bakgrunnsfargen i midten av blomsten dannar ein sirkel som saman med namnet gav meg illusjon av ein pupill.

 

Figure og Ground

Auge skil ut objektet eller objekta frå det me ser som bakgrunnen. Ved å balansere figuren og bakgrunnen kan bildet bli oppfatta som klarare. Logo nr 4 er eit enkelt og greitt eksempel på dette. Kombinasjonen av utforminga av bokstaven a og plasseringa av firkanten dannar ein pingving. .

 

Similarity

Me får likskap når objekta linkar på kvarandre og menneska oppfattar dei ofte som mønster eller grupper. Logo nr 5 viser mange sirklar sett saman i ei form som dannar ein måne.

 

Design Journey

 

 

 

Oppgåva:

Create a visualization of the DMK course structure and add to this personal perspectives to create a final map about personal reflections from MMD to now

Eg laga:

–       Kart

–       Kart med forklaring

–       Artist Statement

Eg laga eit slags bykart der kvart tema blei skilta. Ut i frå kva me skal gå igjennom dette året kunne eg lage eit artist statement for kva eg ville oppnå i løpet av dette året, i tilegg til å sei noko om korleis eg ville oppnå dette.