Oblig 8 – flytte til annan server

Elevadomenet eg opprinnleg hadde publisert nettsida mi på var sagt opp av skulen, så eg måtte legge nettsida over på eige domene og server. Heldigvis var alle filer lagra lokalt (veldig viktig!), noko som gjorde jobben med å flytte sida relativt enkel.

Sida var laga i Dreamweaver og bestod av html og css. Det eg gjorde for å flytte sida var:

– Lagra filene i mappa til domenet på maskina
– Endra ftp informasjon og server under Manage sites i Dreamweaver
– Lasta opp mappa frå local files til remote server, og voila!

Her finn du no nettsida.