Oblig 5

Resultatet av oblig 5:

Remington ad 06

Eit utdrag frå rapporten:

Konsept og målgruppe

Tida er 1958. Arbeidsplassane spirar og også fleire kvinner hiv seg ut i arbeidslivet utanfor heimen. Fokuset på effektivitet vert større og teknologien utviklar seg. Remington skrivemaskin følgjer tida og produsera skrivemaskiner for å effektivisere arbeidet til dei som skriv mykje i løpet av dagen.

Målgruppe
Primært kvinner og menn i alderen 25-50 år. Målgruppa er i yrkeslivet, eksempelvis forfattarar, legar, sjukesystrer, politi, lærarar og kontormedarbeidarar.

Sekundært bedrifter. Bedrifter som vil effektivisere arbeidet kjøper gjerne skrivemaskiner på denne tida. Skrivemaskinene er av høg kvalitet, har lang levetid og er ikkje uoverkommeleg dyre. Dette tiltrekk diverse bedrifter.

Stiluttrykk

Pop Art, forkorta av Popular Art,  oppstod i England på byrjinga av 1950-talet og kom til USA på slutten av 50-talet. Kjenneteikn ved Pop Art er store format, dramatiske illustrasjonar, sterke fargar og direkte bodskap, ein kontrast til finare kunst. To av dei mest kjende kunstanrane frå denne perioden var Andy Warhol og Roy Lichtenstein. Element som blei mykje brukt og som i dag kan sjåast som eit ikon frå Pop Art er bruken av matrix, også kjent som matrise printer, ein teknikk der ein fargelegg eller lagar skuggar og kontrastar ved å prikke delar av designen. Produktet som er utarbeida her har fargar, språk og direkte formidling som blei brukt på denne tida. Skrifttypane som er brukt representerar produktet og perioden på ein god måte.

Typografi

På 50-talet vart det utarbeida mange skrifttypar som også er i bruk i dag, eksempelvis Helvetica. Likevel, ved å gjere research kan ein sjå at serif skrifttypar er veldig mykje brukt på 50-talet og i Pop Art. Heile konseptet byggjer rundt skrivemaskina i denne oppgåva. Det var difor naturleg å bruke ein skrifttype som minna om skrifta frå ei skrivemaskin. Til dette er Courier brukt. Courier er ein monospace skrifttype, som betyr at kvar bokstav er like vide. Den blei designa av Howard Kettler i 1955, men blei redesigna av Adrian Frutiger nettopp for å betre vere tilpassa skrivemaskina.

Skrifttypen Rocket script er også brukt, men berre som erstattar for logoen til Remington. Rocket script er ein skrifttype designa av/for Font Diner som er inspirert frå 50 og 60-talet. Skrifttypen er lasta ned frå dafont.com.

Fargar

Fargane i Pop Art var kraftige sett i kontrastar eller i harmoni. Dette produktet spelar på både harmoni og kontrastar. Det beige og grøne harmonerar, mens den raude neglelakken på kvinnehendene stikk ut som kontrast. Skrifta er grå/svart og skapar kontrast mot bakgrunnen. Det er brukt kvitt stroke rundt produktnamnet for å skape sterkare kontrast. Ettersom 50-talet fortsatt var prega av menn  som ofte var leiarar i bedrifter er vekta av fargane retta mot menn. Den raude neglelakken appellera til kvinner. Hendene er fargelagt med matrise metoden. Det er brukt mørkare bakgrunnsfarge og prikka lysare.

Komposisjon, layout, grid

Plakaten primært asymmetrisk men med symmetriske innslag som overskrifta. Linjene i plakaten går frå venstre og opp mot høgre, det harmonera fint med bildet som har same linjer. Asymmetri er med på å skape spenning i produktet og den grøne boksen rammar inn skrivemaskina og gjer den til blikkfang. Det er brukt linjal og grid i Photoshop for å hjelpe til å få korrekt plassering av element.