Typography from the east

Oppgåva er ferdig og det kjennest godt! Resultatet blei slik… noko lunde bra… Har ein litt småekkel følelse på at eg ikkje har treft oppgåva heilt, men det er for seint no. Eg er eigentleg fornøgd med resultatet og det er jo viktig det også.

Oppgåva har bestått av tonnevis med research, mange timar med idemyldring, ein del timar med skissering analogt og digitalt, og avslutta med endå fleire timar på å lage sjølve bokomslaget og tekstsidene til boka. Det har vore ei utruleg kjekk oppgåva å arbeide med. Kjekt å få jobbe med InDesign igjen, må eg sei 🙂

The result:

Oblig4_01

Patch to plate 02

Om målgruppa:

Patch to plate har to målgrupper. Ei primærmålgruppe og ei sekundermålgruppe. Designen på produkta er laga for å appellera til primærmålgruppa, men må også kunne forståast av sekundærmålgruppa.

Primærmålgruppa
Primærmålgruppa er born i alderen 6-13 år, gutar og jenter. Kultur, eksisterande kunnskap, matvanar og liknande er ikkje avgjerande då oppgåva dei skal løyse frå Patch to plate er eit felles mål der alle kan delta. Born i denne alderen er lærevillige, nysgjerrige og mottakelege.

Sekundærmålgruppa
Sekundermålgruppa er føresette. Dei treng å bli engasjert i dette prosjektet då born lyttar til føresette sine meiningar. Sekundermålgruppa er opptatt at av at borna deira lærer seg gode matvanar, lærer seg å lage mat og lærer om kvar maten dei et kjem frå.

 

Bærekraftig utvikling:

Kva er berekraftig utvikling?

Berekraftig utvikling er definert som ei utvikling som

tilfredsstiller behova til dagens generasjon, utan at

framtidige generasjonar vert råka. Berekraftig utvikling

belagar seg på at me ny nytte resursane våre fornuftig
og omfattar to nøkkelmoment; fattigdomsproblemet og

miljøproblema. Dette må takast omsyn til i utforminga og

produksjonen av produkta som skal lagast for Patch to plate. 

Patch to plate 01

Research målgruppe:

Fokusgruppe eller researchgruppe. Effektivt fordi det er fort gjort for deltakarane, designar får svar umiddelbart og kan komme med oppfølgingsspørsmål. Spørsmål som skal brukast:

Q: Kva er viktig for at du likar eit produkt?

Q: Kva gjer ting morosame?

Q: Kva fargar likar du best?

Q: Likar du grønsaker?

Q: Kva grønsaker likar du?

Q: Kven av grønsakene har den finaste fargen?

Q: Kva er kjekt på skulen?

Q: Er de mykje ute på skulen?

Q: Har du hage heima?

Q: Kan nokon forklare meg korleis ein plantar blomster og grønsaker?

Q: Hadde det vore moro å hatt ein hage på skulen der de kan plante grønsaker?

Q: Har de med nistepakke på skulen?

Q: Har de grønsaker på nistepakken?