Prosjekteksamen WEB

Det har ikkje blitt mykje oppdatering i denne perioden, men eg tenkte eg ville kommen med ei lita oppsummering.

Research

Dei første dagane gjekk med til å drive research, både for å skaffe meg forståing for kva andre frisørsalongar har på nettsidene sine og for å hente inspirasjon. Eg såg at bilder var mykje brukt, nokre av nettsidene hadde galleri, men dei inneheldt ikkje så veldig mange bilder.

 

Kundemøte

I løpet av eksamensperioden skulle eg ha fleire kundemøter. Det første kundemøtet brukte me til å kartlegge kunden sine ønskjer og behov, definere målgruppe og litt design. Dei neste kundemøte diskuterte me skisser og såg etter måtar å løyse problemstillingar på. Kunden har kome med mange gode idear, men har likevel gitt meg relativt frie tøylar. Eg har vore så heldig at kunden min har vore veldig engasjert, og sendt meg e-post og tekstmeldingar med forslag til innhald.

1. kundemøte – Briefing
Tema Spørsmål Svar Tiltak
Kundegruppe Kven er bedrifts si målgruppe? Me har kundar i alle aldrar, både kvinner og menn. Primær kundegruppa er kvinner i alderen 25-60 år. I tillegg menn i alderen 25-60 år.
Målgruppe Kven er bedrifta si målgruppe? Kvinner og menn i alderen 15-60 år. Me får stadig fleire unge kundar. Me ønskjer å appellere til dei som brukar internett mest Nettsida må vere lett å navigere på for kundar i alle alderar, men vil appellere til gruppa som truleg brukar internett mest, 15-50 år.
Bodskap Kva vil du formidle gjennom nettsida? At salongen finnest og at kundar er velkomne. Gi nettsida eit hyggeleg og imøtekommande uttrykk.
Innhald Kva innhald vil du ha på nettsida? Opningstider, kontaktinformasjon, link til Facebook-sida, bilde av salongen og oss som arbeidar her, produktleverandørar, tenester me tilbyr og arrangement. 6 sider vert laga:
– Framside
– Produkt
– Galleri
– Arrangement

-Frisørtenester
– Kontakt oss

  Har du nettsider du likar i design? Mange frisørnettsider er gode. Eg likar godt moderndesign.no, men synest det er litt mykje på sida. Likar reine, enkle, men stilfulle design. Gjere litt meir research om fleire frisørnettsider.
Fargar Kva fargar ønskjer du at nettsida inneheld? Fargane som går att i logo og interiøret på salongen. Lilla og grått. Finne fargar etter kunde sitt ønskje.

2. kundemøte –
Galleri/Skisser

Tema Mine anbefalingar Kunde kommentar Tiltak
Fotografering – Foto av salong (inne, ute)
– Foto av kundar
– Foto av tilsette
Bilder av salongen inne, gjerne nokre ute. Bilder av kundar som vert styla. Tatt bilder frå salongen og kundar som gav tillating til publisering på nettsida.
Gjennomgang Eg plukkar ut bilda eg meiner at eignar seg best, redigerer og syner deg. Har også eigene bilde som skal ligge på nettsida. Eg plukkar ut bilder, kunde sender bilder til meg.

Skisser

Kva er gjort?

Kunde kommentar

Tiltak
Fargar 6 skisser av same design i ulike fargar. Likar best den mørkelilla utgåva som har mykje blått i seg. Arbeide vidare med kunde sine fargeval.
Design Boksar med avrunda kantar. Har gått litt vekk frå moderndesign.no og leita etter andre design. Vil ha rein bakgrunn med grafiske element.
Font Forslag: Helvetica, Arial Likar begge fontane, vil at eg skal bestemme. Bestemme font, sjå på andre muligheier.

Konklusjon: Kunde likar designen, men gir meg friare tøylar til å finne andre løysningar.


3. Kundemøte

Nytt forslag Kva er gjort? Kunde kommentar Tiltak
Design Nye skisser av nettside, med utgangspunkt i wordpresstema. Likar godt dette forslaget og gir klarsignal for dette designet. Arbeide vidare med dette designet.

Konklusjon: Blir samd med kunde om at me ikkje treng nytt møte før sida er ferdig.

Fotografering

På nettsida til Fjordklipp skulle de vere eit bildegalleri. I galleriet skulle det vere bilder av salongen og av styla modellar. Det viste seg å vere vanskeleg å gjennomføre ein fotoshoot med styla modellar (travel periode), så me tok heller bildete av kundar som lot seg fotografere. Marita hadde i tillegg nokre bilder frå før av som ho ville ha med på nettsida.

Omlag 400 bilder blei tatt i løpet av dagen me hadde fotograferinga, og av desse er ca 30 i bruk. Marita skal få resten av bilda også som ho kan bruke som ho vil.

Denne lysbildefremvisningen krever JavaScript.

Tenkinsk løysning

Då framdriftsplanen og prosjektbeskrivelsen vart skriven hadde eg ikkje avtala med kunden min kva nettsideløysning som skulle brukast, og eg kunne difor ikkje sei sikkert kva program eg kom til å bruke. Etter å ha diskutert med Marita om korleis ho vil bruke nettsida tilrådde eg å bruke WordPress. Dette fordi det vil vere lett for kunden å oppdatere nettsida og legge til eller endre sideoppsettet. Fotogalleriet hadde eg tenkt å lage i Flash, men eg forstod raskt at det ville vere ei mindre god løysning då det er veldig tungvidt å oppdatere.

Domene

Kunden min har gjennom kassesystemet sitt tidbod om å få laga ei nettside (inkludert i prisen ho allereie betalar). Ho har domenet www.fjordklippfrisor.no og ein grafisk designar held på å lage nettsida til ho der. Men designet på sida fell ikkje heilt i smak for Marita, og då eg spurte om eg skulle lage nettside sa ho ja. Ho håpte at eg kunne lage eit design ho likte betre. På grunn av at ho allereie har eit domene som er under utvikling, oppretta eg mitt eige dome og la nettisda til Fjordklipp her. Domenet eg kjøpte er http://www.frokenp.no (Frøken P) og dette vil eg bruke seinare til å lage mi eiga nettside.

Kjøp av domene

I utgangspunktet ville eg kjøpe Webhotell med SQL hjå Active 24, men makan til dårleg kundeservice har eg ALDRI vore borti. Når eg skulle betale, fekk eg berre feilmelding på sida deira, og etter å ha snakka med dei 5 gonger forstod dei at det var eit problem på deira side. Dei meinte i utgangspunktet at eg ikkje greidde å skrive inn rett informasjon etter å ha brukt 7 timar av dagen min til å endre innstillingar på maskina mi og i nettlesaren, til og med brukt andre PC’ar og nettverk.. Makan til frekkheit!! Dei har endå ikkje tatt kontakt med meg igjen. Eg bjynte å bli ganske stressa etter å ha havna litt på etterskot, og bestemde meg for å gje blanke i Active 24 og heller bestille det eg trengte gjennom www.webhuset.no. DET var ingen dum ide! Her fekk eg tidenes beste kundeservice som ville hjelpe meg med det meste.

Lærepenge:

1) Når man kjøper webhotell med domene kan man måtte vente i mellom 24-48 timar på å få ta i bruk nettsida.
2) Aldri meir bestille noko frå Active 24.no

Installasjon

Eg installerte WordPress og Filezilla. Eg hadde motteke e-post med all nødvendig informasjon frå Webhuset. Eg la inn host, brukarnamn og passord i Filezilla og lasta inn WordPress mappa som låg lagra på maskina mi. Nettsida til prosjekteksamen har eg lagt under http://www.frokenp.com/wordpress/ . Eg gjekk til nettsida mi og logga inn til WordPress.

Tema

På førehand hadde eg leita etter eksisterande tema som eg ville bruke som utgangspunkt. Eg fall veldig for tema Cloriato og såg potensiale til at dette tema kan brukast også til andre nettsider. Eg kjøpte Cloriato og lasta det inn i Filezilla, men fekk ikkje til å opne tema på nettsida mi. Eg valde å heller lagre tema som ei zip-mappe på maskina og importere ho direkte i WordPress, noko som gjekk veldig fint.

Produksjon

Eg hadde all tekst, bilder og element til nettsida klart på førehand. Eg oppretta sider, laga meny, endra bakgrunn og bakgrunnsfargen for tekstfeltet, lasta opp logo, bilder og resten av innhaldet. Eg er så nøgt med tema eg har valt, det er så mykje finessar som ligg der, og det har så stort potenisiale til å bli akkurat slik eg ville.

CD-cover

CD-coveret er også laga. Her har eg teke utgangspunkt i designen på nettsida for å skape heilheit. Formatet til CD-coveret er 12×12 cm med 3 mm utfallande.

Resultat

Eg er veldig fornøgd med nettsida eg har laga. Det viktigaste av alt er likevel at kunden likar ho, og heldigvis gjer ho det! 🙂 No gjenstår det å gjere ferdig rapporten og ta siste gjennomgang av nettsida, bla for korrektur.

Lykke til alle andre!