Navigasjon

Kva har eg lært?

Navigasjon dreiar seg om korleis me finn fram på dei ulike nettsidene. Det finnest ulike typar navigasjon, fire av dei er direkte, søkbar, lineær og tab navigasjon.

Direkte navigasjon
Navigerer direkte til nettsida ved hjelp av relaterte ord direkte i adressefeltet i nettlesaren.

Søkbar navigasjon
Du brukar ein søkemotor til å navigere deg rundt på sida

Linær navigasjon
Navigerar seg gjennom nettsida sine sider i ei rekkefølgje som er bestemt av utviklaren av nettstida.

Tabnavigasjon

Ikon, tekst, bilder og liknande som er linka til andre sider, enten på nettsida, eller andre nettsider.

Fretex.no

–        Søkbar navigasjon og tab navigasjon på nettsida.

–        Brødsmulesti

–        Beskrivande titlar

Apotek 1

–        Søkbar navigasjon og tab navigasjon på nettsida

–        Brødsmulesti

–        Beskrivande titlar

–        Tydleg utheving

Gulesider

–        Linær navigasjon

–        Søkbar navigasjon

–        Beskrivande titlar

–        Tydleg utheving

Uavhengig av sjanger, målgruppe og stil er nettsider ofte like. Dei brukar same namn på menyar og menyar som går att på sider, er ofte plasser på nokso lik plass. Nettsider som i tillegg satsar på aktive brukarar har gjerne også facebook-side og twitter-konto for å vere synlege på sosialt nettverk. Eg har også lært dårleg navigasjon på sida gir irriterte brukarar som raskt klikkar seg vekk frå sida om ein ikkje finn det ein er på jakt etter. Ein gong høyrde eg at du har 3 sekundar på deg til å fange sjåaren si merksemd før han klikkar vidare. Derfor er også layout på sida viktig.

Nettstader

Vik sparebank

Vik sparebank si nettside brukar ulike oppsett ut i frå kva meny du klikkar deg inn på. Vel du den øvste horisontale menyen kjem informasjonen opp på same side, over tenesta du har valt. (Merka med raudt.) Her brukar dei også utheving for å vise kva teneste som er valt. Plassering av logoen til Vik sparebank er ikkje plassert på same stad på alle sider. Den endrar også størrelse på dei forskjellige sidene. Dette gir ein rotete layout, som kan resultere i at orienteringa vert vanskeleg for brukaren.

På framsida til Vik sparebank er det mange tenester med nesten same namn, som fører deg vidare til ulike undersider. Dei kunne brukt titlar som var meir beskrivande for og gjere sida meir oversiktleg. Tenesta som er sentral for mange besøkjande «Logg inn», er tydleg merka med stor skrift plassert i ein boks (merka med blått).

Konklusjon
Ei brukarvennleg side med fokus på dei mest aktuelle tenestene. Desse tenestene vert visuelt framstilt med illustrasjonar og ikon. Nettsida kunne hatt betre navigasjon på og beskrivande titlar kunne vore betre avskilt. Sida manglar brødsmulesti.

Kiropraktorklinikken

Sida er gjennomført med bilder som forsterkar bodskapen. Frå framsida finn du mykje informasjon som er plassert slik at navigasjonen vert enkel. Du finn eit søkefelt, timebestilling, kontaktopplysningar, informasjon om kva dei behandlar. Held du musa eit tema, endrar fargen på bildet seg, altså vert den utheva. Klikkar du deg vidare på ein av tenestene kjem ein brødsmulesti opp, slik at du tydleg ser kvar du er. Logoen er plassert på same stad på alle sidene, og den fører deg tilbake til framsida.

Konklusjon: Ei god nettside som ved hjelp av oppsett og innhald rettar seg mot dei ulike kundegruppene. Dei brukar fargar på nettsida som etter mi meining passar til ei helsebedrift. Det eg vil gi minus for er den lange adressa for å komme til nettsida: kiropraktorenhjelperdeg.no

Nelly

Det er ikkje lenge sida Nelly gjorde store endringar på nettsida si. Nettsida krev at du startar som du ville gjort om du skal lese ei bok. Oppe til venstre vel du kven du skal ha produkt til (kvinne, mann barn) så bevegar du deg nedover. Det kjem då opp ein brødsmulesti. Vala du tek for deg vert merka med utheving. Logoen er plasser på same plass på alle sider, og den fører deg tilbake til framsida. Nelly brukar logiske beskrivande titlar, men det har etter mi meining for mykje innhald på sida som trekk brukarvenleiken ned, då navigasjonen på sida vert noko uryddig.

Konklusjon:
Nelly brukar eit oppsett som er mykje brukt på liknande nettsider. Difor vert det lettare for deira kundegruppe å navigere på nettsida. Pluss for tydleg søkefelt med tips om kva du kan søke på.

Bank norwegian

Logoen er plassert på same stad på alle sidene. Logoen tek deg tilbake til framsida.  På nokre tenester brukar dei visuelle hjelpemiddel for å gjere det lettare for sjåaren å finne fram, men det er ingen brødsmulesti eller søkefelt på sida. Dei brukar utheving, for å sjå kva side ut er på, men uthevinga har dårleg kontrast, så det er ikkje så lett å sjå. Dette, saman med mange forskjellige oppsett på dei ulike sidene som gjer sida rotete.

Konklusjon
Sida ser bra ut med første augekast, men etter kvar som du navigerar deg rundt på sida, ser det noko variasjon i oppsett. Dei har så mange sider at dei burde ha både søkefelt og brødsmulesti.

Dreamworks

Dreamworkslogoen er plassert på same stad på alle sidene, men den viser ikkje tibake til framsida. Sida har ikkje brødsmulesti eller søkefelt, men dei har utheving dersom du ikkje klikkar på eit menyval som har undermeny. Brødsmulesti og søkefelt manglar.

Konklusjon

Sida manglar ein del grunnleggande krav for å vere brukarvennleg, og eg tykkjer det er merkeleg at eit så stort selskap har slike ”manglar” på si nettside. Eg trur dei har valt vekk mellom anna brødsmulesti og søkjefelt, ikkje ”gløymt” det. Sida er likevel visuelt fin, og slett ikkje vanskeleg å finne fram på.

Fretex

Nettsida til Fretex har oppfylt alle kriterier, med logo på same plass, søkefelt, utheving (ved at undermeny kjem fram) og brødsmulesti. Samstundes er fargebruken attkjennande med Fretex sitt butikk-konsept.

Konklusjon

Enkel, oversiktleg og brukarvennleg side!

Gulesider

Eg er usikker på om denne sida høyrer med i ei slik vurdering, men eg valde å ta med sida likevel. Gulesider har ein horisontal meny i toppen av sida, som gjer den lett å finne. Dei brukar utheving i kvitt når teneste er valt. Vel du ”Kart” eller ”Veibeskrivelse”  kjem sida i ein noko anna design. Her visest logoen på ein annan måte enn dei andre sidene, og sidene ser ikkje på langt nær like bra ut (visuelt) som t.d framsida. Søkefeltet har dei – så klart – men her er ingen brødsmulesti.

Konklusjon

Med tanke på formål med nettsida meiner eg den er oversiktleg og lett å navigere på. Man har liksom ikkje bruk for brødsmulesti på ei side som truleg mest er brukt til nummersøk. Heilt ok side.

Linnbad

Logoen er plassert på same stad på alle sider, og fungerar som Heim-button. Den er etter mi meining plassert slik at det er litt openbart at den tek deg tilbake til framsida. Når du klikkar på f.eks  ”Baderom” vert ikkje det utheva veldig, men det vert litt luft til neste knapp. I tillegg får du ei tydleg overskrift øvst på sida. Brødsmulesti manglar, men eg tykkjer eigentleg ikkje det er eit sakn, fordi det nettsida er designa på ein oversiktleg måte. Det eg der i mot saknar er søkefeltet. Viss man veit namnet på t.d ein baderomsinnredning hadde det vore greitt å kunne søke direkte etter den og ikkje leite på sida.

Konklusjon

Brukarvennleg og oversiktleg, men burde hatt søkefelt på sida.

Klikk

Klikk.no er på wikipedia omtalt som Norges største redaksjonelle forbrukarnettstad. Her er mange magasin samla på ei side inndelt i  forskjellige kategoriar, deretter etter magasin med saker opplista som nyheiter… Det føregår veldig mykje på denne sida på ein gang, helst oppå kvarandre. Denne sida MÅ ha god navigasjon for at sjåaren skal finne fram. Logoen er plassert på same stad på alle ”kategorisidene”, men har du valt ”mat” står dei ”Klikk mat”. Klikkar du på klikk mat logoen kjem du tilbake til klikk si framside. Merkelig. Vel du å lese ei sak under mat, forsvinn logoen. Det er ikkje brødsmulesti på sida, men dei har søkefelt. Uthevingar er varierande.

Konklusjon

Det vert for mykje på denne sida etter min smak. Det er rotete og vanskeleg å finne fram. Der i mot likar eg konseptet med å ha mange magasin samla på ein plass. Sorteringa og navigeringa på sida burde dog vore betre.

Apotek 1

Nettsida har gjort alt etter boka: søkefelt, logo på same stad, brødsmulesti og utheving. I tillegg er oppsettet ryddig og attspeglar apoteket sitt butikkkonsept.

Konklusjon

Lett å navigere, gode menyar!