Head, body, font og fargar

  • Hvordan opplever du bruken av notepad til utarbeidelse av nettsiden?
Det er veldig lenge sidan eg har jobba med dette, og eg merkar at eg eigentleg ikkje hugsar noko av det vesle eg kunne om dette før. Eg brukte Text Edit til utarbeiding av nettsida. Det var relativt greitt, måtte berre vere merksam på å få alle teikn på rett plass. Text Edit har eg ikkje brukt noko særleg før, men det var eit lett program å arbeide i. Det var enkelt å skifte til rein tekst i staden for rik tekst, så det heile gjekk veldig fint. Eg stussa ei stund før eg fekk til å vise bildet, men såg eit tips på forumet om å ikkje ha store bokstavar i filnamnet, og at mappa bildet låg i måtte definerast og vips, så var bildet på plass.
  • Hvordan opplever du det visuelle uttrykket mot koden som du legger inn i notepadfilen?
Eg trur det er ein stor fordel å kunne dei ulike tag’ane for å jobbe effektivt, men eg fann god hjelp på nettsida http://www.w3schools.com/html/. Der fann eg ei oversikt over forskjellige kodar, som hjalp meg mykje. Anbefalar verkeleg denne sida! Forståelsen her er noko eg må arbeide meir med.
  • Hvordan kan du som designer jobbe med den tekniske utarbeidelsen som HTML og CSS har – i forhold til design?
Eg har forstått det slik at html er innhaldet i ei nettside, medan css er utsjånaden av nettsida. Css gjer det muleg å få nettsida til å sjå ut akkurat som eg vil. Blei tipsa av ein kollega på jobben om å sjå nærmare på korleis andre nettsider er bygd opp og  korleis dei har laga sin eigen utsjånad på nettsida. Det gjer du ved å høgreklikke i nettlesaren og velge «Inspiser nettside». Morro!

Inspisert nettsida til deviantart.com

Oppgåvene

  

Eksamen

Det desidert kjekkaste med heile eksamen var at kunden blei kjempe fornøgd! Godt å vite at kommunikasjonen med kunden gjekk så bra at det resulterte i trykksaker ho vil bruke. I belønning for arbeidet vanka det gåvekort frå bedrifta Toppen av velvære.