Grid

1.

Total: 29,5 x 22,5 cm
Kolonne: 9,5 x 26,2 cm
Mellomrom kolonne: 5 mm
Margin: 1,8 cm (top, bottom, left, right)

2.

Total: 29,5 x 22,5
Kolonne venstre: 12,8 x 25,3 cm
Kolonne høgre: 6 x 25,3 cm
Mellomrom kolonne: 5 mm
Margin 1,8 cm (top, bottom, left rigth)

3.

Total: 20,7 x 27,9 cm
Kolonner 4,8 x 24 cm
Mellomrom kolonner: 4 mm
Margin top: 2,6 cm
Margin botom: 1,2 cm
Margin left: 0,8 cm
Margin rigth: 1,2 cm

4.

Total: 20,7 x 27,9 cm
Kolonner: 5 x 19 cm
Mellomrom kolonner: 5 mm
Overskrift: 1,8 x 10,2 cm
«Forfattarboks»: 1,8 x 9,2 cm
Margin top: 2,5 cm
Margin bottom: 1,2 cm
Margin left: 4,2 cm
Margin rigth: 1 cm

Det ser for meg ut som mange magasin brukar same margin til venstre og høgre, medan nokon har større margin på toppen enn bunnen. Etter å ha sett i ørten forskjellige magasin og aviser har eg gjort meg opp ei meining om at det finaste er når top margin er større enn bottom margin. Det er fordi eg syns det gir meir luft i layouten og det gir sjåaren litt «ro» før han skal byrje å lese/sjå. Er der i mot bottom margin større føler eg at det ser litt «halvveges» ut, som om at sida ikkje er heilt ferdig. Det har vore ei lærerik oppgåve!

 

 

Layoutstiler

Symmetri syns eg ofte gir eit elegant uttrykk og eit meir openbart fokus. Eg likar nok best dei symmetriske stilane, men det kan kanskje bli litt kjedleg for auget, og ein vert fort ferdig å studere designen.

 

Asymmteri er bra dersom det ikkje er for mange element i desigen. Det gjer det lett å bevege blikket rundt og finne element å sjå på. Eg får inntrykk av at asymmetri er mykje brukt både på framsider av magasin, avisert og etc. Eg trur og at det er ein god måtte for magasin å formidle forskjellige reportasjar og artiklar i eitt og same bilde.

 

Kombinasjon av symmetri og asymmetri kan også fungere dersom det ikkje er for mange element i designet. Det må vere vanskeleg å få kombinasjonen av symmetri og asymmetri til å fungere, uten at det vert rotete.

Konklusjonen min vert at alle tre kan vere effektive ut i frå kva budskap du vil formidle. Illusjon av ryddigheit og ro trur eg vil best formidlast gjennom symmetri, medan asymmetri eller ein kombinasjon av desse vil vere meir effektiv på for eksempel ei framside av eit magasin, fordi ein ønskjer at fleire element skal leggast merke til (asymmetri får blikket til å vandre).

 

 

Invitasjon

I mangel på blekkpatroner viser eg screenshots av prosjuren min, slik at brettekantar etc synest:

Invitasjonen er laga som eit 3-brett dokument.

Eg har lagt til haustbilder som eg har tatt i invitasjonen, men der bilda er burde det vore bilde av nokre av kunstnarane sine verk.

Research – formatstørrelsar

Har vore sjuk denne veka, så eg ligg litt etter..

Format
Formatet 50×70 cm ofte er brukt på plakatar. Dette er fordi det er eit forhaldsvis stort format som er lett å sjå på avstand. Sidan formatet er så pass stort, er det viktig at elementa som skal vere på plakaten er laga i tilpassa størrelse for at motiva eller illustrasjonane ikkje skal bli kornete. Her er vektorgrafikk fordelaktig å bruke i motsetning til punktgrafikk, ettersom du med vektorgrafikk kan skalere motivet opp i størrelse, utan at det vert kornete.

Bilde frå Wikipedia

Bleed
For å unngå skjærekantar skal me legge inn bleed, eller utfallande kant som det heiter på norsk. Me har fått opplyst at dokumentet me skal opprette skal ha bleed på 3 mm. Det vil seie at det vert lagt til 3 mm på kvar side, altså til saman 6 mm i breidda og 6 mm i høgda.

Bilde frå Priting for less

Idèutvikling – målgruppe

For å finne målgruppa til illustrasjonen er det viktig for meg å først definere målgruppa til Dumdum Boys.

Bandet Dumdum Boys
Målgruppa til Dumdum Boys er stor. Dei har vore i musikkbrasjen i mange år, der dei har beholdt sine eldste tilhengarar og etterkvart får nye yngre tilhengarar. Difor er ei snever aldersbestemt målgruppe vanskeleg å definere til Dumdum Boys. Det er truleg helst musikkinteresserte i aldersgruppa 25-55 år Dumdum Boys rettar seg mot.

Til denne bandet vil det kanskje vere like aktuelt å sjå på kjønn, musikksmak og interesser. Musikken Dumdum Boys spelar er norsk rock. Dei appellerar både til menn og kvinner, med interesse for musikk og då gjerne norsk musikk. Sjølv om musikken appellerar til både menn og kvinner, trur eg majoriteten av tilhengarane deira er menn.

Målgruppe: Menn og kvinner i alderen 25-55 år , gjerne musikkinteresserte med sans for norsk rock.

Songen Tyven tyven
Denne songen trur eg når fleire enn kva bandet sjølv gjer. Songen er ei rock-ballade der teksten beskriv tankane om å miste nokon ein er glad i veldig godt. Dei brukar symbol for å beskrive kven døden er, ikkje kva døden er. Dette trur eg er med på å gjere bodskapen i teksten endå sterkare – døden kom å henta ho, og det er ingen ting me kan gjere noko med. Den hentar den som står for tur, uten å ta omsyn til rettferd. Songen har også vore mykje spela på radio i den seinare tida, og Dumdum Boys spela på minnekonserten for Utøya offera i sommar. Songen presenterar sorg, og det er difor naturleg at dei som kjenner sorg kanskje vil lytte til denne songen i vanskelege periodar i livet. Også her tykkjer eg det er det vanskeleg å definere ei snever målgruppe:

Målgruppe: Ungdom og vaksne i alderen 15-55 år, som likar rolege rock-balladar med sterkt bodskap, og som likar å lytte til teksten i songen.

Research

Dumdum Boys kjem frå Trondheim og er eit av dei mest sentrale banda i norsk rockhistorie. Dei starta som eit punkband i 1979, men ettersom plateselskapa ikkje var begeistra for musikken, valde dei å tenke nytt. Dei heitte tidlegare Wannskrækk, men i 1985 endra dei bandnamnet til Dumdum Boys, oppkalla etter ei låt på Iggy Pops 1977-LP «Idiot». Dei har hatt menge slagerar, mellom anna Splitter Pine, Englefjes, Mitt gjertes trell og Hagelangs. Songen Tyven tyven blei skriven av Atle og Kjartan etter at Prepple, vokalisten i bandet, mista si vesle dotter. Songen er kjent som deira mest følelsesladde song.

Tyven tyven
Songen handlar om å bli frårøva det kjæraste me har – barn. Teksten består av korte vers på rim, med mange symbol. Nedanfor ser du eit utval av symbol i teksten:

tyven – døden
øyensten – vakkert, kjært for oss, barn, i denne sangen ei dotter
røver – tek noko frå oss som me ikkje vil miste
skjære – den som stel (døden)
ljåen – den som stel (døden)
alt vi har gjemt blir aldri glemt – minner, døden får ikkje tak i minnene me har
høst – trist, tid
engen – jorda
hugger ned alle som en – alle skal dø
Det er fleire grunnar til at eg har valt å lage illustrasjon til denne songen. Det er ein song som er spesiell for meg, og stemninga i songen er tydeleg. Dei fleste oppgåver eg har laga så langt i studiet har vore prega av glede og fargar, men denne gongen har eg lyst å prøve å lage ein illustrasjon med eit mørkare, meir dystert uttrykk. Element eg vil ta med i illustrasjonen er:

Skyer, røyk, skjære, diamant, lys, mørke
Meir informasjon frå bandet finn du på Dumdum Boys si heimeside.

Kjelder:

Dumdum boys heimeside
Wikipedia