Treig start på veka

Dagen i dag har gått med på mykje lesing til fotooppgåva. Veldig travel dag i går, så eg ligg litt etter. MEN det er berre å hive seg rundt og jobbe. Det allerede blitt mørkt i Sogn så eg må ta turen med kamera i morgon, og eg må sei at eg gledar meg! 🙂

GisseIS

  
Dei 5 eg var mest fornøgd med.

Konklusjonen er at dette var ei effektiv øving på å kome opp med idèar. Brukar dei truleg igjen! Den hjalp fordi ikkje eg trengte ikkje å kome på alle orda sjølv, og eg kunne velje ord eg likte, ikkje nødvendigvis ord som hadde med tema og gjere. Good!

PS! Forferdlige fargar i CMYK 😦

TABBE!

Nei, nei, nei, nei… Eg ser at eg har gjort ein KJEMPETABBE når eg leverte inn rapporten. Somehow har eg sletta eitt avsnitt (les: viktig avsnitt) i rapporten og levert den. Uten det viktige avsnittet. Får publisere det her då og håpe at eg består! 😦

Digital logo – produsert i Illustrator
Eg valde å ta utgongspunkt i to av skissene frå rammemetoden. Der valde eg ut elementa med sirkel, kaffibønner og produktnamn inni kaffibønna. Logoen var forholdsvis enkel å lage i Illustrator. Først teikna eg kaffibønna. Her brukte eg Pen Tool for å lage omrisset. Den eine delen har berre fyllfarge, den andre har både fyllfarge og strokefarge. Vidare prøvde eg ut forskjellige fontar, og valde til slutt Bellerose som eg har lasta ned frå www.dafont.no . Eg teikna så ein sirkel (1) med Ellipse Tool, kopierte sirkelen og limte den inn ein annan stad i arbeidsflata mi (sirkel 2). Eg brukte Selection tool for å endre størrelsen på den kopierte sirkelen, medan eg helt nede shift-tasten for å oppretthalde formatet. Så plasserte eg sirkelen (2) i sentrum av den første sirkelen. Den kopierte sirkelen fekk fyllfarge og strokefarge for å skape kontrast. Eg gjekk så opp i hovudmenyen og heldt over View og valte show grid. Eg fekk fram eit rutenett, som gjorde det lettare å plasse elementa på rett plass. Eg forsøkte ulike fargekombinasjonar, men enda opp med førstevalet.

Konvertering til CMYK og greyscale
Me skulle også levere logoen i CMYK og greyscale. Eg opna eit nytt dokument og sette fargevalet til CMYK, deretter kopierte eg logoen og limte den inn i det nye dokumentet. Eg gjekk også opp i hovudmenyen og valte Edit – Edit colog Convert to CMYK/greyscale. Deretter eksporterte eg fila som JPEG og sette color mode til CMYK/greyscale.

Kaffi – historie

Kaffi skal først ha vore brukt i Etiopia. Omkring 1550 blei det første kaffihuset opna i Konstantinopel. Myndigheitene prøvde å hindre det, men utan nytte. Den gong antok dei at det nye nytelsesmiddelet ville redusera alkoholforbruket.

Dei fire største kaffibrenneria i Norge er Kaffehuset Friele, Joh. Johannson Kaffe, Coop Norge Handel og Kjeldsberg Kaffebrenneri.

Eg fann ein interessant film om kaffi si historie på nettsida kaffe:

Kaffi – design

I dag har eg brukt mykje tid til å sjå på designet som er brukt i ulike kaffilogoar. Eg har sett på bruk av skriftstypar, fargar og symbol. Årsaka til at eg har gjort dette er å lære om korleis utforming av logoar til kaffi vert gjort, og for å hente inspirasjon til min eigen kaffilogo.

Fargar

Fargar som går igjen i mange logoar for kaffi er brunt, beige, svart og raud. Andre fargar som også vert brukt ofte er gull, gul og blå. Eg vil gå nærmare inn på dei mest brukte fargane: brun, beige, svart og raud.

Etter å ha lese om fargen sin symbolikk ser eg at svart symboliserar sorg, lidelse og død, mørkheit og tomheit. Eg trur ikkje det er fargesymbolikk som er årsaka til at mange brukar svart i sin logo, snarare det faktum at mange drikkeklare kaffitypar er veldig mørk brun, nesten svart. Fargen svart representerar det ferdige produktet.

Brente kaffibønner er brune, og bruken av ein djup brunfarge i logoen gjev ein god assosiasjon til kaffi. Fargen symboliserar der i mot mellom anna forrotnelse, undergang og død. Som med fargen svart kan bruken av fargen brun vere bra for å vise tilhøyring til den bestemte marknaden.

Symbolikken til fargen raud passar der i mot betre inn. Raud symboliserar mellom anna kjærleik, kraft, energi, mot og vilje. Koffein i kaffi gjev engergi og mange har eit nært forhold til kaffi. Kaffi kan vere knytt til daglege tradisjonar som å drikke kaffi på morgonkvisten eller det å møtast med gode venner for å drikke kaffi, kanskje på ein kafé? Både Coop kaffe, Friele og Evergood brukar alle ein sterk og kraftig raudfarge i designen på sine mest solgte produkt. Det kan nok vere til ettertanke…

Beige er ein nøytral farge som har varme tonar frå brun og reinheit frå kvit. Den har ein varm framtoning, og kan representere kaffedrikkar med melk på ein god måte. Produsentar som har logoar for Caffè Latte og Mocca brukar gjerne ein beigetone i produktet eller logoen.

Symbol


Dei mest brukte symbola i designen er kaffibønner, kaffikanne eller kaffikopp, ofte med røyk opp frå koppen. Dette er tydlege symbol som gjev forbrukaren ein sterk assosiasjon med produktet. Dette gjev figurative logoar ettersom symbola refererar direkte til produktet, ein effekt eg trur kan vere smart å bruke ettersom marknaden er så stor. Det gjev målgruppa eller forbrukaren eit tydeg bilde på produktet i eit hav av produsentar.

Skrifttypar

 

Inntrykket eg sit att med er at mange kaffiprodusentar brukar versalar i logoen. Eg ser at mellom anna Kjeldsberg brukar minusklar i logoen og i skrifta generelt, men likevel meiner eg at fleirtalet brukar versalar. Skrifttypane varierer med både seriff og sans seriff.

Kaffi – eigenskapar

Kaffi verkar stimulerande på sentralnervesystemet, og overdriven bruk kan gje hurtig puls, hjertebank og uro. Kaffi skal serverast ved 80-85˚C. I dag finnest det mange variantar av den populære drikken, nokre av dei mest vanlege er caffe latte, cappuccino, caffe mocca, espresso, iskaffi/frappe og Irish coffee.

Kaffi har eit lågt innhald av kaloriar, og det er av mange beteikna som ei sunn dritt. Dette gjeld så lenge du ikkje drikk kaffitypar som caffe latte som ofte inneheld heilmelk og sukker.

Kaffi vert også brukt i bakverk og dessertar. Kaffi er litt bitter på smak og balanserer difor godt rettar som innheld sukker.

Det vert også hevda at du kan dø av kaffi ved for stort inntak. Stort inntak er då mellom 60-100 koppar pr dag. Verkanden av kaffi vert stadig forska på og ei svensk-finsk undersøking viste at kaffi beskyttar mot demens.

Kaffi – konkurrentar

Internasjonalt finnest det utallige store kaffiprodusentar, blandt desse Starbucks, Jacobs og Nescafé. I Norge er Kaffehuset Friele, Coop Kaffe, Kjeldsberg Kaffebrenneri og Joh. Johannson Kaffe dei fire største kaffibrenneria.

Kaffihuset Friele
Kaffihuset Friele er den største kaffiprodusenten i Norge i dag. Dei kjøper råkaffi frå 9-10 forskjellige land og årleg handlar dei 6 000 tonn kaffi frå Brasil. Friele blei etablert i 1799 og har i løpet av dei siste åra fornya seg og fabrikken på Midtun i Bergen, og framstår no som eit av Europa sine mest moderne kaffibrenneri. Dei produserar produkt som Friele frokostkaffe, Presskannekaffe, Café Noir, Økologisk kaffe, Espressokaffe og fleire typar kaffi.

Coop kaffe
Coop Kaffe er eigd av Coop NKL. Dei produserar kaffitypar som Blå Java, Espresso, Irish Cream , Sjoko & vanilje og mange fleire. Coop kaffe vert selt i alle Coop daglegvarebutikkar.

Joh. Johannson
Joh. Johannson er best kjent gjennom merkevarene Evergood og Ali. Dei produserar også Farmer’s Coffee, Kaffemesteren’s og Caffé Roberta Espresso.

Kjeldsberg kaffebrenneri
Kjeldsberg er lokalisert i Trondheim. Dei produserar mellom anna Mills kaffe og Ambro kaffe, Espresso kaffe og mange fleire. På nettsidan deira opplyser dei om at dei no har fått ei yngre forbrukargruppe. Det har dei oppnådd med å mellom anna lansere gratis kaffispot til Iphone og å opprette kaffibloggen http://www.ordentligkaffe.no. Dei har fokus på kaffikultur og på å komme morgondagens kaffidrikkarar i møte på deira premissar.

Om kaffi

I følgje Store norske leksikon er kaffi eit nytelsesmiddel framstilt av frø frå kaffitreet Coffea arabica. Frukta er eigentleg ei steinfrukt som kan minne om kirsebær, men inni ligg det to frø som altså er kaffibønnene. Årleg vert det produsert ca 7,7 millionar tonn råkaffe (2004), der Norge importerte i 2003 ca 36 000 tonn. Nordiske land har eit høgare forbrukt ann andre land i Europa, og i Norge er forbruket gjennomsnittleg nesten 10 kg per person i året.

Verknad
Kaffi verkar stimulerande på sentralnervesystemet, og overdriven bruk kan gje hurtig puls, hjertebank og uro. Kaffi skal serverast ved 80-85˚C. I dag finnest det mange variantar av den populære drikken, nokre av dei mest vanlege er Kaffi latte, Cappuccino, Kaffi mocca, Espresso, iskaffi og Irish Coffee.

Historie
Kaffi skal først ha vore brukt i Etiopia. Omkring 1550 blei det første kaffihuset opna i Konstantinopel. Myndigheitene prøvde å hindre det, men utan nytte. Den gong antok dei at det nye nytelsesmiddelet ville redusera alkoholforbruket.

Dei fire største kaffebrenneria i Norge er Kaffehuset Friele, Joh. Johannson Kaffe, Coop Norge Handel og Kjeldsberg Kaffebrenneri.