Farmhouse

Eg brukte mykje tid på å leite etter ein spesifikk grafisk aktør som eg ville presentere, det finnest jo so utruleg mange flinke i dette landet! Var innom ulike aktørar, der i blant markus-design.no, grandpeople.no og mange andre grafiske aktørar. Eg brukte søkemotoren Google, der eg søkte med søkeord ”grafisk designer”, ”grafisk aktør”, ”grafisk reklame”, ”norske grafikere”,  ”norsk design”, ”reklamebyrå” og utallige fleire. Eg søkte både bilderesultat nettsideresultat for å finne nokon som verkeleg skilte seg ut, og eg såg i andre Noroff studentar sine reflekterte dagbøker for å hente inspirasjon. Eg sat i fleire timar å såg på uendeleg mange portoføljer, logoar, plakatar, bokomslag, cd-cover og reklamefilmar.

Til slutt kom eg til å tenkje på Moods of Norway si nettside. Eg tykkjer nettsida deira har utruleg kreativ, morosam og orginal design. Eg tenkte tilbake på eit føredrag eg var på i desember i fjor der Gro Caroline Flølo var føredragshaldar. Ho er dagleg leiar i designsenteret Farmhouse som mellom anna driv med grafisk design, eksponeringsdesign og kreative prosessar. Farmhouse er den norske grafiske aktøren eg vil presentera.

Farmhouse blei starta i 2006 som eit resultat av dei utallige førespurnadene Moods of Norway gründarane fekk om korleis ein kunne ”knekke koden”. Dei etablerte det dei kalla ”kongsdottera” Farmhouse som ligg i Stryn.

Farmhouse brukar ofte mykje fargar og humor i uttrykket sitt noko som appelerar veldig til meg. Dei desse leikne uttrykka i stilreint norsk design. Eg likar den store variasjonen i arbeidet deira, som er både friskt og freidig. Visjonane deira er: «Ganske fint er litt kjedelig» og «Alt kan gjerast større, annleis og meir spennande». Desse visjonane kjem etter mi meining tydleg fram i designen, sjå til dømes på «Grill matministaren», eit prosjekt dei i gjorde i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland og departementet. Uttrykket i designen deira er leikent, noko dei får fram i ein spanande bruk av font, fargar, foto og andre element. Farmhouse sitt arbeid inspirerar meg mykje, og av ein eller annan grunn får eg intrykk at dei må ha det utruleg moro i arbeidsprosessen.

Kvar sommar har Farmhouse eit eige sommarbyrå der ambisiøse studentar reiser til Stryn for å arbeide med reelle designoppdrag. Genial idè. Studentane får arbeidserfaring, Farmhouse får dyktige designarspirer til å jobbe i hjå dei om sommaren. Vinn, vinn situasjon spør du meg!

Kjelder:

www.farmhouse.no
www.designbasen.no/Farmhouse
http://www.facebook.com/group.php?gid=123898567627553

(Eg kjenner ikkje til Farmhouse sine reglar for at eg legg ut bilde av deira produkt på denne bloggen, men de kan jo gå inn via lenkjene å sjå. Har sendt forespørsel til dei om eg kan legge ut bilder, men har ikkje fått svar endå.)

Veke 2

I dag har eg lese igjennom oppgåvene for denne veka, og starta å sjå videoleksjonane. Lenge sidan eg har brukt Photoshop til anna enn leik og justering av bilde, så dei kjem godt med. Vidare ut over kvelden har eg planar om å sjå resten av videoleksjonane (burde lese teksten betre, då ville eg sett at det berre var videoleksjon 01-05) og lese pensumet til oppgåvene. Hjernen er allereie byrja å kverne, men eg vil prøve å lese pensum før eg startar slik at eg kan ha det i bakhovudet.

Fekk levert oppgåva i dag tidleg. Av ein eller annan merkeleg grunn fekk eg for meg at oppgåva skulle leverast kl 16.00. Så kl 09.30 gjekk det opp eit lys for meg, og eg hasta meg til å laste opp dokumenta. Hadde laga alt klart i går, men det gjenstod å sjå igjennom rapporten min ein siste gong og å laste opp dokumenta. I stad såg til mi store forskrekking at eg ikkje hadde publisert mitt kart over Moodle på bloggen (har gått litt fort i svingane i dag), men no er det også gjort 🙂

Eg jobbar 100% i tillegg til 100% studiet, så eg lyt også legge kabalen for denne veka. Det blir ei utfordring, men eg får det nok til om eg vil 🙂

Mitt kart over Moodle

Her er mitt kart over Moodle. Eg brukte laaang tid for å finne ut korleis eg ville lage det. Eg byrja med å navigere rundt om kring i moodle, og deretter laga eg ei skisse over korleis Moodle ser ut:

Eg merka av elementa som stod i oppgåva at skulle vere med, og starta med idémyldring for assosiasjonane eg fekk. For meg er tankekart ein god måte å få struktur på tankane eg har:

I utgongspunktet valde eg veg som idé for mitt kart over Moodle, men eg stagnerte ganske raskt. Eg tok fram att tankekartet mitt for å sjå om det var nokon av dei andre idéane eg kunne jobbe vidare med. Til slutt landa eg på Tivoli. Eg laga eit nytt tankekart der eg skreiv opp emna som skulle vere med i oppgåva, og fann «tivoli-ting» som kunne representere emna:

Forklaring:

Moodle – tivoli
Stader der ein utøver ulike aktivitetar.

Introduksjonsveka – kinoskulen, parisarhjulet
Kinoskulen symboliserar altså videoleksjonane. Mitt tivoli har ein kinoskule der du kjøper billett til førestillingar der ein lærer ting. Kinoskulen er dessverre plassert litt feil i kartet, då den måtte vike for karusellen. Den burde vore plassert like bak karusellen. I parisarhjulet kan du heile tida sjå noko nytt. Tanken er at parisarhjulet er eit læringshjul med opp og nedturar. Det stoppar aldri, akkurat som me aldri vert fullstendig utlært.

Siste nyheiter – informajsonsluke, mikrofon, høgtalar.
I Moodle er det lærarane som legg ut siste nyheiter, på tivoliet er det tivoliarbeidarane som gjev oss informasjon. Siste nyheiter finn ein til høgre i Moodle, informasjonsluka finn ein på høgre side i tivoliet.

Deltakarar – besøkande på tivoliet
Deltakarane er i hovudsak plassert i sentrum, ettersom klasselista ligg midt på sida i Moodle.

Min profil – fotokiosk
Når eg høyrer profil, tenkjer eg foto. Difor teikna eg inn ein fotokiosk til venstre i tivoliet, ettersom min profil ligg til i venstremenyen i Moodle.

Målsetting – Pilkasting og premiebod
Når du skal kaste piler må du førebu deg: ein må samle saman pilene før ein kan sikte på målskiva for forhåpentlegvis treffe innertiaren. Det same må eg i studiet. Eg siktar, men er ikkje sikker på om eg har treft målet før resultatet er klart. Premieboden symboliserar lærarar som gjev karakterar.

Aktivitetane – karusellen
Moodlekarusellen symboliserar ulike aktivitetar. Alle deltakarane samlar seg rundt det same, nemleg aktivitetane. Når turen på karusellen er over, eller du er ferdig med aktivitetane, startar neste tur med karusellen, eller nye aktivitetar.
Med denne oppgåva har eg trent på å finne ei kreativ løysning på å lage eit kart. Som i Moodle er tivoliet delt inn i tre deler noko fjella i bakgrunnen skal symbolisere, saman med vegen mellom aktivitetane og plasseringa av dei ulike elementa. Skilta i tivoliet har eg lagt inn for at dei skal fungere som vegvisarar og bildeforklaring. Eg er fornøgd med resultatet, men har brukt meir tid enn kva som var estimert. Årsaka er at eg stod fast i byrjinga, og etter kvart valgte å starte på nytt. Skulle eg gjort oppgåva omatt ville eg lagt inn fleire av elementa i Moodle, og gjort emnet introduksjonsveka meir tydleg.

Pfjuh, det blei mykje tekst på bloggen gitt! 🙂

Kreativt sjølvportrett

Her er resultatet.

For å få ein oversikt over kva element av meg/livet mitt, starta eg med å lage eit tankekart:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det blei veldig mange element i tankekartet, så eg valde å gjere endringar undervegs. Eg likar naturen, då spesielt blomar, og eg syns dei dekorerte sjølvportrettet mykje, difor tok eg dei med. Då eg allereie hadde tankane mine på naturen tenkte eg på regnbogen, som er det finaste eg veit om i naturen, så eg fekk lurt med den også 🙂

Konklusjonen må bli at eg er nøgd med sjølvportrettet, men litt skuffa om scanneren min so ikkje var særleg behjelpeleg med å gjengi fargane. Må få gjort noko med den!

Har sett på dei kreative sjølvportretta til mange av medstudentane mine og eg er så imponert! For ein gjeng! 🙂

Første veke nesten over

Den første studieveka er snart forbi, og oppgåvene er ferdig løyst. Har krangla lenge med scannaren i dag, fargane i oppgåvene mine vert heilt feil. Lurer veldig på korleis eg skal løyse problemet, håpar å få låne meg ein scannar i morgon… Som eg skreiv er eg ferdig med oppgåvene, og eg må sei at det var tidkrevjande oppgåver, eventuelt har eg valgt ein tidkrevjande måte å løyse dei på. Lastar opp resultatet i morgon 🙂

Har også fått lagt til lenkjer til medstudentane mine, men er ikkje sikker på om eg har fått med alle. Får sjå nærmare på det seinare. Mange interessante bloggar å lese i alle fall! Gledar meg til å sjå resultatet til dei andre deltakarane på studiet, det eg har sett so langt er imponerande. Får nesten prestasjonsangst, men pytt pytt.

Litt om det som er gjort, litt om planane framover…

I dag har eg arbeida vidare med det kreative sjølvportrettet mitt og Moodle-kartet. Håpar å bli ferdig med det i løpet av morgon, men er innstilt på å jobbe med det i helga også. I tillegg har eg skrive presentasjonen av meg sjølv i forumet.

Den reflekterte dagboka må også gjerast noko med. Har lyst å gjere den meir personleg og å legge til adressene til mine medstudentar på bloggen, slik eg ser mange av dykk har gjort.

Ser fram til å fortsette med oppgåvene i morgon 🙂

I gong med oppgåvene

I dag har eg skrive oppgåva Vegen hit som blei ein slags refleksjonstekst, viss det er noko som heiter det? Ut i frå stikkorda i oppgåva byrja eg og tenkje over kvifor livet har teke den vendinga som det har. Rart i grunnen at eg som ville reise jorda rundt og hadde så mange planar for livet er blitt så… etablert. Litt moro, men likevel veldig skummelt 🙂

Har laga skisse for mitt kreative portrett, men det var jammen ikkje lett gitt! Er i alle fall komen i gong, så det er berre å få alle tankane ned på papiret. Har så lyst å få med elementa i livet mitt som er viktige for meg. Kjenner at eg er spent på korleis det ferdige resultatet vert.

Vegen hit

Heilt frå eg var lita har designet på ting alltid vore avgjerande for om det vekkjer mi interesse. Eg studerar alltid omslaget til bøker, cd’ar, magasin og liknande før eg ser på innhaldet. Det fasinerar meg korleis framsida på ei bok, som kanskje består av eit bilete, kan skildre handlinga i boka.

Som 16-åring flytta eg på hybel og byrja på media og kommunikasjonslinja på vidaregåande, der eg blei kjent med utruleg mange kreative menneskjer. Me hadde dyktige lærarar som oppmuntra oss til å vere kreative, nysgjerrige og å lære av kvarandre. Dei 3 åra på vidaregåande var over på eitt blunk, og eg greidde ikkje å bestemme meg for vidare utdanning. Eg valte difor å studere engelsk i eitt år, tenkte at engelsk ville eg alltid få bruk for. Etter eitt år på høgskulen bestemte eg meg for å ta eitt år fri frå studiane og prøve ut arbeidslivet. Eg fekk etter kvart ein jobb som eg stortrivest i og det eine studiefri-året var raskt blitt til 3.

Det var ein dag i vinter eg bestemte meg: no må eg starte å studere igjen.

Mange av mine venner visste tidleg kva dei ville utdanne seg innan, men eg fekk aldri openbaringa eg venta på. Eg vurderte mange studievegar, leitte mykje på ulike høgskular og universitet sine nettsider for å finne noko som appellerte til meg. Ettersom eg ønska å fortsette i jobben min, og bu der eg bur trur eg nettstudier ville vere tingen for meg. Eg kom over Noroff sine nettsider tykte dette studiet såg spanande ut. Endeleg! Akkurat det eg var på jakt etter. Iveren etter å lære nye ting, lære å tenkje kreativt og å fylle opp ryggsekken med kunnskap er større enn nokon sinne. No er eg er klar. Klar for å bli student igjen.

Det er mykje eg interesserar meg for; der i blant musikk, reising, film, foto, mote og interiør. Eg var så heldig å få eitt speglreflekskamera av sambuaren min i bursdagsgåve. Ofte tek eg med meg kamera på tur for å fotografere folk og fe, men eg tenkjer at det hadde vore fint å kunne fleire teknikkar og lært meir om innstillingane til kamera. Det står på mi «to do-list» denne hausten.

Planen min framover er å gå 2 år på Noroff, forhåpentlegvis bygge på med ein bachelor og kanskje studere marknadsføring seinare? Eg veit ikkje endå kva drøymejobben er, men håpar å få nye impulsar i dette studiet som kan guide meg i rett retning.

Kreativt sjølvportrett:

Dag 1

Etter 3 års studiepause kjennest det godt å vere «back in the game». Eg har brukt dagen på å gjere meg kjent med Moodle, sjå videoleksjonar, lese oppgåvene me har fått og å sjå på profilane og dei reflekterte dagbøkene til dykkar andre. Har starta med ein liten idèmyldring for koreis mitt Moddle-kart skal/kan sjå ut. Gledar meg til å fortsette i morgon!